Ann-Marit
- Innlegget ble opprettet 4 årVurdering: 2 av 5Verifisert kjøper
Ikkje vannfast nok
Vippene blei fine nok, men eg såg ut som ein vaskebjørn etter kort tid, når maskaraen la seg både under og over auga. Anbefaler ikkje denne om du ser etter ein vannfast maskara. Ellers er den heilt okei. #konkurranse1 produkt i posten Ikkje vannfast nok208 visninger- Kommentaren lades 4 årHei hei🙋♂️ Så leit å høre at denne mascaraen ikke sto til dine forventinger😣Takk uansett for at du deler din opplevelse med denne! Ønsker deg en super dag💗
- Innlegget ble opprettet 4 årVurdering: 5 av 5Verifisert kjøper
Min favoritt
Eg lette langt om lenge etter en vegansk parfyme eg faktisk likte, og heldigvis fant eg til slutt denne! Den er lett, ungdommeleg og frisk. Flaska er fin, og er designa på ein måte som gjer at sprayfunksjonen ikkje blir lett øydelagd, slik eg har opplevd at den blir på mange andre parfymar. Eg har no bestilt flaske nummer to, og fleire blir det garantert. Anbefalast! #konkurranse1 produkt i posten Min favoritt117 visninger - Innlegget ble opprettet 4 årVurdering: 1 av 5Verifisert kjøper
Ikkje rett for meg
Eg har høyrt mykje bra om Maria Nila, og eg slit med sensitiv, kløande og flassande hovudbotn. Eg har brukt same sjampo i fleire år, men er ikkje heilt nøgd med at håret blir sjåande feitt ut ganske fort. Derfor velde eg å gje denne duoen eit forsøk. Diverre begynte eg å klø nok heit forferdelig av denne sjampoen. Riktig nok fekk eg ikkje flass, sjølv om det kan hende det og hadde kome, om eg hadde brukt den over tid. Eg forsøkte å vaske håret med den nokon gongar ekstra, som i eit forsøk på at reaksjonen skulle gå over, men den gang ei. I tillegg blei håret veldig tungt av balsamen. Det einaste plusset var lukta, som er veldig god. Eg kan nesten ikkje anbefale desse produkta basert på mi oppleving, men kva ein reagerer på er jo individuelt, så kan hende dei vil fungere fint for deg. #konkurranse1 produkt i posten Ikkje rett for meg2311 visninger - Innlegget ble opprettet 4 årVurdering: 4 av 5Verifisert kjøper
Dyr, men god
Eg har tidlegare brukt calm water gel frå same merke, men syns ikkje den gav god nok fukt, så eg tenkte gje denne eit forsøk, før eg eventuelt investerte i eit serum i tillegg til dagkrem. Eg syns denne gjer meir fukt, og føler ikkje at eg treig noko i tillegg. Den er veldig dyr, og ikkje dryg i bruk, så om du ikkje har supersensitiv hud, som meg, så ville eg kanskje gått for noko anna. Men har du derimot problemer med at du reagerer på hudpleieproduktar, og i tillegg har tørr hud, så kan denne vere redninga di òg. #konkurranse1 produkt i posten Dyr, men god780 visninger - Innlegget ble opprettet 4 årVurdering: 5 av 5Verifisert kjøper
God for min sensitive hårbotn
Eg har slite med kløe, flass og ubehag i hårbotn, pluss hår som blir raskt feitt. Eg måtte leite i fleire år etter ein sjampo som eg både tola utan å klø meg halvt forderva, og som ikkje fett håret mitt til å sjå feitt ut rett etter dusjen. Denne toler eg veldig godt, og eg verken klør eller flassar. Håret blir riktig nok feitt ganske fort, men det går an å hoppe over hårvasken ein dag, så den er mykje betre enn alle andre eg har prøvd (Eg kan og gå to dagar utan vask av håret med hjelp frå ein god tørrsjampo). Eg vil sei den held det den lovar, og kan trygt anbefale den til folk med sensitiv/tørr hårbotn, og feitt hår. Har du berre ein av delane kan det hende du finn eit betre alternativ. #konkurranse1 produkt i posten God for min sensitive hårbotn3622 visninger - Innlegget ble opprettet 4 årVurdering: 5 av 5Verifisert kjøper
Lukter heilt fantastisk!
Denne "olja" er min absolutte favoritt, og eg må innrømme at det eigentleg er mest pga. lukta. Eg er usikker på kva den gjer og ikkje gjer for håret mitt, men eg har brukt den i fleire år, og eg har ikkje slitt eller skada hår, så den gjer i alle fall ikkje skade. Den tynger heller ikkje ned håret, og gjer ikkje håret feitt. Om du slit med slitt og tørt hår kan du nok auke mengda du påfører. Anbefaler deg å unne deg denne, og føle litt på luksusen når du gnir litt av denne i håret. Den er veldig dryg i bruk, så dyr er den ikkje. Eg brukar den minimum 3 gongar i veka, og eg kjøper ca. 2 av den i året. #konkurranse1 produkt i posten Lukter heilt fantastisk!309 visninger - Innlegget ble opprettet 4 årVurdering: 3 av 5Verifisert kjøper
Ganske bra
Dette er den beste tørrsjampoen eg har funnet så langt. Den klør ikkje i hovudbotn, og den sug opp fukt og feitt frå håret, men sjølv om den reklamerer med at håret skal ikkje berre sjå reint ut, men også vere det, er nok å ta i litt. Håret ser ikkje reint ut, det får ein matt farge. Luktar godt. Alt i alt fungerer den greitt, og eg kjem til å kjøpe den igjen, i mangel på noko betre. #konkurranse Den er vegansk.1 produkt i posten Ganske bra1570 visninger